tirsdag 12. desember 2017

12.desember

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐

Sjølv om ein trur at ein har all verdas tid fram til jul så ser eg at eg trenger tida framover. Utmattinga slår alltid til når det minst er venta. Om eg kjenner meg vaken og klar på morgakvisten kan det hende at eg etter morgonstellet skjønar at nei, det blir ikkje nett som ønska denne dagen. Difor  er det godt å vite at eg har fått gjort litt og ligger ikkje så langt etter planen.

⭐⭐⭐


søndag 10. desember 2017

11.desember

⭐💖⭐



⭐💖⭐

Gratulerer med dagen, pappa!
Fandens gebursdag er fanden så fin, 
selv om den ogå tilfeldig er din.

⭐💖⭐

2.søndag i advent

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐

Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede

(Inger Hagerup)

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐

lørdag 9. desember 2017

9.desember

⭐⭐⭐



⭐⭐⭐

Andre laurdag i advent og det kom ein del snø i går kveld, natt og i dag. Ser ut som det ikkje har tenkt å gje seg med det første. Godt at eg ikkje har så mykje eg skal gjere ute i dag i alle fall.
Eg er no av dei som ikkje likar snøen sidan den utgjer ein del ekstra arbeid i kulda, men når den først kjem så set eg pris på at den vert liggande og været er stabilt like fram til siste flekken har smelta vekk. 
Ha  ein fin laurdag.

⭐⭐⭐


fredag 8. desember 2017

8.desember

⭐⭐⭐

Den åttande dagen i desember og det er mørkt nesten heile døgnet sidan det ikkje finst snø igjen ute og været er berre trist. 
Då er det berre å kveikje lysa inne og gløyme kva som er utafor glaset.

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐





torsdag 7. desember 2017

7.desember i regn og blåst

⭐⭐⭐

I dag vil eg syne fram koppen som eg kjøpte i går. Ein nydeleg julekopp av Björn Wiinblad. Likar godt det han lagar, og dette kruset klarte eg ikkje å gå i frå i år.
Sidan det er våt og grått ute blir eg inne i dag og leiter etter energien til å pynte meir med nisser, engler og lys. Julemusikk og handarbeid er fint å slappe av til
Ha ein fin dag og førjulskveld.

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐



⭐⭐⭐



onsdag 6. desember 2017

6.desember

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐

Ny dag i desember og det kjem fram meir og meir pynt i stova. 
I dag er det litt julehandel etter blodprøvetaking. Trur jammen det vert ein liten tur på kafè også visst formen tillèt det. 
Ynskjer ein fin førjulsdag til alle med ein fin julesong med Annie Lennox.

⭐⭐⭐


⭐⭐⭐